Det melder Nynorsk pressekontor. Dei nye høgoppløselege karta skal gi ei detaljert framstilling av botntype og terrengvariasjon i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.

Karta er eit resultat av eit toårig kartleggingsprosjekt, finansiert av Norges geologiske undersøkelse (NGU), kommunane og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, og vil vere til god hjelp når ein skal planlegge aktivitet eller forvaltning i kystsona. Dei kan og vere av interesse for brukarar innan fiske, friluftsliv og forskning, ifølgje NGU. Karta vert tilgjengelege gjennom karttenesta til NGU og i kartplittarsystemet OLEX.