Snart opnar nyhotellet

Hektisk aktivitet inne og ute fortel at det nærmar seg opning av Valldal Fjordhotell.

Hotell Valldal Fjordhotell er teikna av Kosbergs Arkitektkontor AS, og er reist av entreprenørselskapet Consto AS. Hotell opnar dørene 24. juli.   Foto: Terje Engås

Nyheter

– Vi har opna for booking frå 24. juli. Og første dagen er allereie fullbooka, seier adm.dir. Runar Myklebust i Classic Norway, som skal drive hotellet.

Hotellet får 40 dobbeltrom, og kan mellom anna by på restaurant og lobbybar.

– I sommarsesongen vil hotellet ha 11-12 tilsette, medan det blir litt færre vinterstid, fortel Myklebust.

Cecilia Hedvall er tilsett som hotellsjef. Ho kjem frå ei tilsvarande stilling ved Hotell Utsikten i Geiranger, der Frode Rørvik no blir ny sjef.

– Hotellet her i Valldal har fått ei fantastisk plassering nede ved fjorden, og passar godt inn, meiner Myklebust. Offisiell opning av nyhotellet blir 2. september.