Det har vore ein redningsaksjon i Vanlyven kommune, onsdag kveld.

- Ein båt er i ferd med å gå ned i sjøen nord for Åheim. Det er iverksett redning og eit vitne har fått to personar opp på land, melde politiet i Sogn og Fjordane på Twitter like før klokka 21.

- Vi fekk melding om hendinga hit klokka 20.28, og det heitte då at to personar var sett i sjøen. Dei som melde frå fekk etter dette fatt i ein båt og kom seg ut til dei to som låg i sjøen, fortel operasjonsleiar Inge Værøy til Smp.no.

- Det dreier seg om ein båt på 14 fot med påhengsmotor dette, legg han til. Ifølgje politiet har båten kantra under fisking.

- Kva skjer med dei to som var om bord?

- Dei er som sagt berga opp av sjøen av dei som melde frå. Etter dette vart dei frakta med båt inn til Småstranda, rundt to kilometer nord for Åheim. Der blir dei tatt hand om av helsepersonell. Dei to framstår som kalde, men uskadde, men blir moglegvis tatt med til lege for sjekk, seier han.

Hovudredningssentralen Sør-Norge er varsla om hendinga.