Akuttkirurgien i Volda kan vere redda

Adm.dir. Stig A. Slørdahl i Helse Midt foreslår at Volda beheld akuttkirurgi for perioden 2018-2022.

Slår ring: Tusenvis av personar med faklar slo ring akuttkirurgien ved Volda sjukehus. Arkiv: Knut Arne Aarset 

Nyheter

Minst seks tusen gjekk i fakkeltog for akuttkirurgien i Volda. Meir enn 50 legar har gått ut og forsvart akuttberedskapen ved lokalsjukehuset.

Til komande styremøte i Helse Midt-Norge, 15. og 16. juni, innstiller adm.dir Stig A. Slørdahl på at Volda får behalde akuttkirurgi for 2018-2022.

«For kommende utviklingsplanperiode legges det til grunn at Helse Møre og Romsdal HF skal opprettholde et akuttkirurgisk tilbud ved Volda sjukehus», står det i innstillinga til Helse Midt-styret.

Samarbeid med Ålesund og Molde

I neste omgang skal Helse Møre og Romsdal beskrive framtidig organisering og nivå på akuttkirurgisk beredskap ved Sjukehuset Volda, heiter det i innstillinga.

Helse Møre og Romsdal skal også beskrive tiltak for å sikre nødvendig kompetanse slik at kvalitet og pasientsikkerheit i det akuttkirurgiske tilbodet blir ivaretatt, står det i innstillinga.

Eit samarbeid med utviklingsarbeidet i Sjukehuset i Nordmøre og Romsdal, SNR, er forventa.

Direktør Stig Slørdahl.   Foto: Helse Midt-Norge

- Helse Midt-Norge forventar at tettare samarbeid mellom fagmiljøa i Volda og Ålesund og utviklingsarbeidet i SNR blir vurdert for å sikre slik ivaretaking, skriv Slørdahl til si innstilling styret i Helse Midt-Norge.

Slørdahl: Har stor tru på dette

Overfor Sunnmørsposten antydar Slørdahl at det til sjuande og sist ikkje var så vanskeleg å lande på ei slik vurdering.

- Dette byggjer på ei totalvurdering av situasjonen i Møre og Romsdal og i heile Helse Midt-Norge. Det som blir avgjerande framover er at sjukehusa arbeider tett saman for å kunne gje best muleg spesialisthelseteneste og utnytte dei ressursane vi har, og det som er foreslått vil krevje eit tett samarbeid mellom sjukehusa i Volda og Ålesund, men også med og mellom dei andre sjukehusa i føretaket og på tvers av helseføretaka i Helse Midt-Norge, seier Slørdahl og held fram:

- Etter å ha besøkt sjukehusa i Møre og Romsdal og møtt fagmiljøa, har eg stor tru på at Helse Møre og Romsdal vil finne gode løysingar til beste for pasientane, seier Slørdahl til Sunnmørsposten.