– Poenget med regionreforma er større regionar, ikkje mindre. Om Nordmøre går nordover til Trøndelag, vil nok Stortinget legge også Romsdal til i ein Midt-Norsk region, seier fylkesplansjef Ole Helge Haugen til Rbnett.

Han poengterer i avisa Tidens Krav at det er Stortinget, og ikkje lokale politikarar som skal vedta grenser for dei nye regionane. Fylkesordførar Tore O. Sandvik (Ap) i Sør-Trøndelag kan dermed ikkje utan vidare ønske Nordmøre, men ikkje Romsdal velkommen til Trøndelag, ifølgje Haugen.

– Gitt at Nordmøre går nordover, vil Romsdal og Sunnmøre bli ei for lita eining som eigen region, sjølv om ein skulle få med nokre kommunar i Nordfjord, meiner fylkesplansjef Ole Helge Haugen.