I eit brev til Konkurransetilsynet ber Fylkesordførar og fylkesutvalet i Møre og Romsdal om at dei stoppar salet av Fjord1 til Torghatten, skriv Fjordingen. Fylkespolitikarane fryktar at salet skal svekkje konkurransen.

– Sjølv om det er fleire reiarlag i eit konsern, veit vi av erfaring at desse ikkje konkurrerer med kvarandre, skriv fylkesutvalet i brevet, ifølgje Firda.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane håper det vedtatte salet går i orden, ifølgje Fjordingen.

Konkurransetilsynet vurderer å stoppe salet av Fjord1, og må fatte eit endeleg vedtak innan 1. juli.