Den andre båtkjøparen reiste til Ørsta for å hente båten, men på køyreturen heim fekk han telefonar frå andre som hevda at dei hadde kjøpt båten. På Facebook blei han skulda for å ha stole båten.

Søre Sunnmøre tingrett har no dømt ein mann i 50-åra til 27 dagar fengsel på vilkår for svindel i samband med båtsalet.

Frikjend for eitt forhold

Båtseljaren må også betale 35.000 kroner i erstatning til han som likevel ikkje fekk båten han hadde betalt, samt 3000 kroner i sakskostnader.

Aktor la i retten ned påstand om 120 dagar fengsel for mannen, men mannen blei frikjent for det mest alvorlege tiltalepunktet. Dette handla om eit båkjøp. Mannen kjøpte ein båt til 100.000 kroner. Dette skjedde i 2013, men ifølgje dommen er båten enno ikkje betalt.

Fekk mindre enn venta

Tingretten meiner mannen ikkje meinte å svindle då han kjøpte denne båten. Han fekk økonomiske problem, og forklarte i retten at han bytta båten i ein annan båt - same båt som han seinare selde to gonger.

Han hadde tenkt å betale med pengane han fekk for innbyttebåten, men innbyttebåten viste seg å vere mindre verd enn han trudde.