Søre Sunnmøre tingrett har lagt vekt på at mannen har køyrt ei lang strekning med promille, når han no er dømd til 75 dagar fengsel, med to års prøvetid. Vilkåret er at han gjennomfører program mot rusa køyring.

Mannen må også betale 45.000 kroner i bot.

Uforsvarlege forbikøyringar

Ifølgje dommen har mannen køyrt heilt frå ytre søre Sunnmøre med 1,9 i promille.

Politiet observerte køyringa hans siste stykket, og mannen skal ha teke fleire forbikøyringar. Nokre av dei var direkte uforsvarlege, før svingar.

Retten legg vekt på risiko for skade på person og materiell ved slik køyring.

Dømd tre gonger før

Mannen i 50-åra er tidlegare dømd for promillekøyring tre gonger.

Han var frå før også frådømt førarretten for alltid, og han hadde ikkje gyldig førarkort då han blei stoppa av politiet ein søndag i mars i fjor.

Søre Sunnmøre tingrett har igjen dømt mannen til tap av førarrett, for alltid.