Bygdefolk i Fiksdal valfartar til kyrkja:

- Frykteleg trist, seier Filip (11)

- Frykteleg trist, er refrenget frå bygdefolket i Fiksdal. Både store og små må innom kyrkja i morgontimane torsdag for å sjå på skadane etter brannen seint onsdag kveld. Mange er letta over at det ikkje er verre.
Nyheter

- Trist, seier Filip Eik Ræstad (11). Han er nabo til kyrkja. Både han og systera Cecilie var her seint onsdag kveld for å sjå.

- Pappa for først då meldinga om brannen kom, vi andre for etter. Då hadde brannen blitt sløkt, fortel Filip.

Han går i sjette klasse ved skulen som ligg like i nærleiken.

Elevane ville sjå kyrkja

Forbi skumrestane som enno ligg ved gravstøttene finn vi dei  i alt 10 elevane som går i sjette klasse ved Fiksdal oppvekstsenter. Skulekjøkken står på timeplanen, ifølgje barne- og ungdomsarbeidar Aud Ellingsæter.


Minst 20 personar kjempa mot flammene:

- Sprang heim etter pulverapparat - berga ut kyrkjesølvet

- Viss ikkje dei to tilfeldig forbipasserande hadde oppdaga brannen, kunne det gått riktig ille, så tørt som det no er, seier den lokale kyrkjeverja i Fiksdal, Ivar Magne Bergheim.

 

- Dei var så flinke til å vaske at vi drog hit for å sjå på kyrkja før vi skulle spise. Skulen ligg jo like ved.

Elevane har så mange spørsmål. Mange har behov for å sjå og snakke. Når dei har sett kyrkja, er det enklare å snakke om det, seier Ellingsæter.

- Flaks at ikkje andre hus var påtent

Ein gut synest det var flaks at ikkje andre hus vart påtent medan folk låg og sov.

- Eg visste ingen ting før i morges. Då fortalde mamma om brannen, fortel Hans Nikolai Marken (12).

Usikkert om det blir gravferd

Ein mann vil innom for å sjå til grava til far sin. Han ligg på den sida der det brann.

Ei dame fortel at dei skulle ha gravferd i kyrkja fredag.

- Men det blir det ikkje noko av, trur ho.

- Jau, det er mogleg å halde gravferd  viss dei pårørande vil, seier kyrkjeverje Ivar Magne Bergheim.

Kyrkjelydsbygget kan brukast

Han sit også i styret for det nye kyrkjelydsbygget som ikkje er heilt ferdig.

- Det går sannsynlegvis an å halde gravferd der om dei pårørande ønskjer det. Første etasje er ferdig og har vore brukt i 5-6 år. Men hovedsalen i hovedetasjen er under bygging, fortel han.