Ordførar Alfred Bjørlo seier til smp.no at det var eit samla formannskap som no seier ja til Gloppen.

– Vi er no tydelege frå Eid si side, seier Bjørlo, som trur at det blir eit samrøystes kommunestyre for samanslåing.

Bjørlo seier at politikarane i Eid har same oppfatning som folket. Både i innbyggjarhøyringa og i folkerøystinga var om lag 60 prosent positive til Gloppen.

Skal Eid løyse utfordringane framover, meiner Bjørlo at det er naturleg å tenkje i retning av å bli ein større kommune. Han ser at det veks fram stadig meir samarbeid over grensene. Men Bjørlo er ikkje like trygg på kommunestyret i Gloppen seier ja til Eid.

– Formannskapet i Gloppen sa nei, og det er ein kommune med sterkt Senterparti, så vi får sjå. Men vi i Eid er også positive til å delta i sonderinga vidare rundt Nordfjord-alternativet, seier ordføraren.

Det er varierande entusiasme også for samanslåing av kommunar i Nordfjord.

– I Eid er det jamt over ei positiv haldning. I Vågsøy og Selje er det positivitet utan eit samla alternativ, og i Stryn og Hornindal er det uavklart kva som skjer, fortel Bjørlo.

– Kva meiner du om kommunereforma?

– Eg meiner det er rett veg å gå for større kommunar, å ta meir av makta tilbake frå staten. Dei interkommunale samarbeida veks fram, og eg er generelt positiv. Men det er klart at det er krevjande å jobbe med reforma ute i felten.

– Eg trur ikkje det er slutt 1. juli, seier Bjørlo.

– Blir det tvang i Nordfjord?

– Det er vanskeleg. Eg tør ikkje spekulere.

Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak 22. juni.