- Innsats frå bygdefolket berga kyrkja. I alle fall 20 personar jobba for å stanse flammane, fortel han torsdag morgon til Sunnmørsposten.

Bergheim bur like i nærleiken av kyrkja. Han hadde lagt seg då han fekk melding om brannen, og var på plass ved kyrkja få minutt seinare.

Folk sprang heim etter pulverapparat

- Folk som kom til, begynte å ha på vatn frå springen ved gravstedet utanfor kyrkja med det dei fann kar. Det var fyr flangs heile langveggen. Flammane sto opp til vindauga.

Naboar sprang heim for å hente pulverapparat. Det kom stadig fleire til. Viss ikkje brannen hadde blitt oppdaga og folk hjulpe til, kunne det fort blitt eit anna utfall, seier Bergheim.

- Diesel langs heile kyrkjeveggen

Tidleg torsdag føremiddag låg det framleis skum mellom gravane. Og delar av kyrkja er avsperra. Merker langs heile langveggen syner kor det har brunne.

- Sannsynlegvis er det slått diesel langs heile kyrkjeveggen. Dieselkanna låg igjen på trappa ved sakristiet. Ein person tok den brennande kanna og kasta ho ut på marka. Du ser brennemerka i graset, seier Berheim og peikar.

Eit rektangulært merke i veggen syner kor dei har brukt motorsag for å komme til med brannslukkinga. Dei frykta at det hadde tatt til å brenne innvendig.

Berga ut kyrkjesølv og døpefont

Bergheim låste opp kyrkja. - Heldigvis brann det berre utvendig.

Nokre av oss gjekk inn i kyrkja og tok til å berge ut kyrkjesølv, messehakel, heile døypefonten og altarduk. Også protokollar frå safen vart berga ut i sikkerheit.

- Det var mykje røyk inne så vi måtte vere påpasselege. Vi fekk beskjed om å melde oss til ambulansen for ein sjekk etterpå, fortel Bergheim.

Som lokal kyrkjeverje har han mellom anna registrert ting som gjeld kyrkjebygget og som han nettopp hadde sendt frå seg.

- Det var i rett tid, konstaterer han.

Brannvarslingsanlegget fungerte

Han kunne også konstatere at brannvarslingsanlegget fungerte som det skulle. 12 sekund etter at brannen vart oppdaga gjekk alarmen til 110. Det kom brannfolk frå Vestnes, Tomrefjord og Vatne. Dei var raskt på plass.

- Eg var her ca. 23:10 brannfolka kom kort tid etter, fortel Bergheim.

- Forsikringa var også på plass og alt går som det skal.

Biskopen kjem i ettermiddag

Biskop Ingeborg Midttømme har varsla at ho kjem for å sjå på kyrkja i ettermiddag.

Elles var det mange som valfarta til Fiksdal kyrkje denne føremiddagen for å sjå det som hadde hendt.