Fosnavåg Shippingklubb har utnemnd Per Smådal og Inge Nærø til æresmedlemer. Heideren blei delt ut på Fosnavåg-konferansen torsdag.

Pioner i fiske og fangst

President i shippingklubben, Richard Gjerde, trekte fram at begge er heidersmenn som fortener å bli æresmedlemer i Fosnavåg Shippingklubb.

Inge Nærø har vore pioner i fiske og fangst i fleire tiår.

- Inge har aldri sett mørkt på livet, men har fokusert på mogelegheiter som livet har gitt. Han har vore med og skape historia til vestlandsfiskaren på ein særmerkt og ærleg måte, i medgang og i motgang. Han har levd eit svært rikhaldig og variert liv, sa Gjerde.

Bygde opp Smaragd

Om Smådal sa Gjerde mellom anna at han har vore ein rollemodell for andre opp gjennom åra. Gjennom hardt arbeid og god teft har han bygd opp reiarlaget Smaragd.

- Han er framleis aktivt engasjert i korleis Smaragd gjer det, sjølv om neste generasjon har teke over den praktiske drifta. Og han gler seg stort over at neste generasjon driv vidare i same ånd som han og broren Reidar dreiv reiarlaget, sa Gjerde.

Les meir om æresmedlemane til høgre (under om du les på mobil)