– Dette er uvanleg, seier Arild Stokke i Ørsta, og kikar i eit tomt målebeger. Han har i mange år målt nedbør – dagleg.

– I mai i fjor målte eg 152 millimeter, i år 58 millimeter. Hittil i juni har det kome 2,0 millimeter, i heile juni i fjor 132 mm. Men rådgjevar Jon Geirmund Lied i Landbruk Nordvest vil ikkje bruke ordet krise - enno.

– Avlingane i førsteslåtten varierer litt, avhengig av jordsmonnet. Der det er myrjord har dei fått mest gras. Men det er stor forskjell på årets avling og dei to jubelåra 2014 og 2015, seier Lied.

Det er no, når gjenveksten startar at det verkeleg trengst vatn, mykje vatn:

– Kjem det ikkje godt med regn i løpet av 14 dagar kan vi kanskje begynne å snakke om krise, meiner Lied.

Straumprisen aukar

Sunnmørsposten har snakka med fleire bønder i Ørsta og Volda. Dei meiner førsteslåtten var på nivå med eit normalår. Og dei legg til at finvêret har sine plussider: Det er godt vêr å drive slåttonn i. Om graset blir kortare i år, så har straumprisen blitt høgare. Det stadfestar Trond T. Lauritsen, adm.dir. i Sykkylven Energi.

– Mindre nedbør og mindre tilsig i magasina gjer at straumprisen aukar. Så kraftprodusentane nyt sola fullt ut, smiler Lauritsen.

Han fortel at i fjor på denne tida låg kraftprisen på 12–13 øre per kWh. No har straumprisen dobla seg til 26–27 øre.

– Og dette er på det nivået den minst bør ligge, for at ein skal kunne få økonomi i dei mange mindre kraftverka som er bygd den siste tida, meiner Lauritsen.

Statistikk

Og for dei som måtte ha gløymd det, så minner kraftdirektøren om at i 2010 låg kraftprisen på over 40 øre per kWh.

Statistikk frå yr. no viser også kor stor forskjell det er på nedbørsmengda i år og i fjor. På Fiskå målestasjon i Vanylven vart det i mai i år målt 42,7 millimeter nedbør.

Same stad i fjor vart det målt 169 millimeter. Normalen er 85 millimeter. På Ålesund lufthamn vart det i mai i år målt 35,5 millimeter, mot 68,7 millimeter i mai i fjor. Her er normalen 54 millimeter.

Til slutt tek vi med observasjonar frå Tafjord, der det i mai i år vart målt 25,4 millimeter nedbør, mot 64,3 millimeter i same månad i fjor. I Tafjord er normalen i mai 35 millimeter.

<strong>GRAS:</strong> Bøndene er i ferd med å gjere unna førsteslåtten. Det gjekk nokså bra. Det er til andreslåtten dei verkeleg treng meir regn.
<strong>KRAFTMANN:</strong> Trond T. Lauritsen er adm.dir. i Sykkylven Energi. Han forklarer at lite regn gjev høagre kraftprisar.