Hornindal og Volda snakkar vidare saman

Nytt møte om kommunesamanslåing, måndag ettermiddag.

Tok initiativ til nytt møte: Ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal. Arkivfoto: Bengt Flaten/Fjordingen 

Nyheter

Kommunestyrevedtaket til Volda, om at det skal gjennomførast ei folkerøysting før det blir aktuelt å slå saman kommuna med Hornindal, skaper stort engasjement. Etter det smp.no kjenner til er det starta eit folkeopprop i Volda med krav om ekstraordinært kommunestyremøte før 30. juni, og måndag melder ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal at det blir halde eit møte i Smia i Hornindal, måndag ettermiddag der samanslåing er tema.

- Etter oppfordring frå politikarar og bygdafolk tok eg kontakt med Jørgen Amdam fredag kveld. Resultatet er at vi skal gjennomføre eit nytt møte der målet er å skrive om intensjonsavtala mellom Stryn-Hornindal-Volda til kun Hornindal-Volda, heiter det frå ordføraren.

Fristen for å gjere vedtak om kommunesamanslåing er 1. juli, og ei folkerøysting ville ikkje kunne ha blitt gjennomført før i august eller september. Det førte til at ordførar Stig Olav Lødemel i Hornindal, og fleire med han, meinte det ville bli uaktuelt for Hornindal å slå seg saman med Volda. Etter dette var det mest sannsynleg at Hornindal kom til å velje Stryn.

- Eg hadde ikkje venta eit slikt vedtak og er skuffa, sa Volda-ordførar Jørgen Amdam til Fjordingen etter kommunestyremøtet, fredag.


Kommunesamanslåing:

Truleg over og ut for Volda-Hornindal

Volda kommunestyre gjekk i mot formannskapet, melder Fjordingen.