Kommunestyret i Eid vedtok onsdag å seie ja til samanslåing med Gloppen kommune, melder NRK Sogn og Fjordane.

– Dersom det ikkje blir med Gloppen vil vi ha ei samla kommune i Nordfjord, seier ordførar Alfred Bjørlo (V) til kanalen.

Under folkerøysinga i Eid stemte 56,2 prosent for samanslåing med Gloppen.