– Det var eit trist syn som møtte oss, og det vitnar om at ikkje alle besøkjande tek omsyn og tenkjer på å ta vare på naturen, seier Gunnvor Skageflå Nymark, ein av eigarane av den kjende garden i Geirangerfjorden.

Laurdag hadde eigarane slåttedugnad på garden, og det var då dei oppdaga det som hadde skjedd.

God plass på utedo

Det idylliske brønnhuset, der dei til vanleg hentar godt vatn frå oppkome, var brukt som toalett. Ikkje berre ein gong, men opptil fleire gonger.

– Vi har laga nytt og fint utedo med to plassar, som dei besøkjande kan bruke, så dette skulle ikkje vere nødvendig, seier Nymark.

Brønnen som har vore brukt i alle år, er no ubrukeleg, og det blir mildt sagt ein drittjobb å rydde opp.

Ikkje alle ryddar opp

Mykje folk tek turen til Skageflå, som kanskje er den mest kjende av gardane i Geirangerfjorden - med utsikt til fossen Dei sju systrer.

– Og det er koseleg at folk besøkjer Skageflå. Vi likar at det er mange folk der, seier Nymark.

Det hender at eigarane må plukke rusk og rask etter turistar, men eit slikt syn som møtte dei i helga, har dei aldri opplevd før.

– Vi som eigarar er glade i Skageflå og prøver å legge til rette for at alle får ein fin tur dit. Men vi håpar at alle viser omsyn og at dei også ryddar etter seg, slik at Skageflå kan vere den fine staden som vi ønskjer, seier Nymark.

Sunn fornuft

Eigarane vil no prøve å skilte meir tydeleg, men Nymark trur ikkje det som har skjedd har noko med manglande skilting å gjere.

– Dette handlar om sunn fornuft. Det er enkelte som ikkje bryr seg, seier ho.

Gjer som fleire enn 27.000 andre - lik smp.no på Facebook

Det idylliske, gamle brønnhuset er bygd over ei oppkome. No er vatnet ubrukeleg. Foto: Privat