Regionkommune Ålesund:

Samrøystes ja til Ålesund i Sandøy

Måndag blei det fastslått – eit samrøystes kommunestyre gav sitt ja til å gå saman med Skodje og Ålesund i ei ny kommune.

For storkommune: På kommunestyremøtet i Sandøy måndag gjekk det som ordførar Oddvar Myklebust venta – Sandøy sa ja til å slå seg saman med Skodje og Ålesund.   Foto: Staale Wattø

Samtidig er det litt vemodig også, sidan Sandøy kommune fyller 150 år neste år

Oddvar Myklebust
Nyheter

– Eg er nøgd ut frå det som har blitt sagt og gjort. Samtidig er det litt vemodig også, sidan Sandøy kommune fyller 150 år neste år, seier ordførar Oddvar Myklebust (Ap) til Sunnmørsposten rett etter kommunestyremøtet.

Det gjekk med andre ord som ordføraren venta – vedtaket blei gjort samrøystes.

Mener Ålesund er best: – Det kan sjå litt pussig ut på kartet

Alternativ avtale

Sekundært vel Sandøy intensjonsavtalen med Haram, men ordføraren uttrykte til Sunnmørsposten måndag at han meiner det blir for smått.

Ordføraren meiner denne avtalen med Skodje og Ålesund er det beste for Sandøy – sjølv om han gjerne skulle hatt Haram med på laget.Utover hausten blir det danna ei fellesnemnd som skal jobbe med samarbeidet mellom kommunane.

Ny storkommune: Ålesund sier ja til Skodje, Haram og Sandøy

Skodje sin tur

På onsdag skal spørsmålet om Nye Ålesund opp i kommunestyret i Skodje. Formannskapet si innstilling er at Skodje kommunestyre vedtek å etablere ei ny kommune saman med kommunar som inngår i samarbeidet om Nye Ålesund.

Skodje har også utført både innbyggjarundersøking og folkeavrøysting om kommunesamanslåing, der fleirtalet i førstnemnde var for ei regionkommune med Ålesund, og på sistnemnde var fleirtalet for ei landkommune utan Ålesund.

Ålesund har sagt ja til Skodje, Haram og Sandøy, men Haram har takka nei til dette samarbeidet på sitt kommunestyremøte.

Les flere saker om kommunereforma.