LO sjekkar arbeidsforholda til fylkets ungdommar

Drar på overraskingsbesøk

LO si sommarpatrulje byrjar denne veka å sjekke arbeidsforholda for ungdom i Møre og Romsdal. – Manglande arbeidskontrakt er det vanlegaste lovbrotet, seier ungdomssekretær Kent Logan Jelle i LO Møre og Romsdal.

LOs sommerpatrulje : Kent Logan Jelle og Sara Kristiansen har denne veka byrja å sjekke ut arbeidsforholda til ungdom i Møre og Romsdal Cecilie Formo er ein av dei første som blei intervjua av patrulja.  Foto: Nikolas Birkevold Farstad

Nyheter

Utanfor Walderhaug bakeri sitt Jelle saman med Sara Kristiansen. Dei er ute og patruljerer i Ålesund tysdag, og bakeriet er ein av dei første bedriftene som får besøk av LOs sommarpatrulje. Jelle og Kristiansen intervjuar ein av dei unge tilsette om arbeidsforholdet, og heldigvis for denne gongen er alle reglar fylgt. Cecilie Formo (20) tykkjer det var fint å få besøk av sommarpatruljen.