- Då fekk mange medlemmer av MDG i fylket - og truleg folk som har kontakta partiet - e-postar og i nokre tilfelle tekstmeldingar som ga seg ut for å vere frå Miljøpartiet Dei Grøne, skriv Jon Peder Vestad, styremedlem i Molde MDG og Møre og Romsdal MDG.

Ifølgje Vestad hadde den første meldinga som vart sendt overskrifta "Legaliser narkotika", og seinare skal det ha kome meldingar med skitkasting mot SV, om MDG og kapitalisme, om at partiet har snudd i utsleppspolitikken og om MDG og eit påstått samarbeid med ytterpunkta i norsk politikk.

- Ikkje noko av det som er sendt ut stemmer med politikken til MDG. Dessverre har nokon komme seg inn i epost-systemet til MDG og sendt ut meldingar som berre er eigna til å sverte partiet. Folk som ikkje kjenner politikken til MDG, kan komme til å tru at dei falske meldingane målber vår grøne politikk, sidan meldingane ser ut til å vere sende ut frå MDG sentralt, skriv Vestad.

- Det er dei absolutt ikkje  og partiet arbeider no for å finne ut korleis dette kunne skje. Dette epost-åtaket er styrt av nokon som ikkje vil MDG vel. Vi er leie oss for at nokon vil sverte politikken vår på denne måten, og ber folk lese på mdg.no om dei vil vete kva vi står for, avsluttar Vestad.