For to veker sidan vedtok eit fleirtal på 14 mot 13 i Volda kommunestyre at det skal vere folkeavstemming om Volda skal slå seg saman med Hornindal, trass i at alle i kommunestyret var positive til samanslåing.

– Det var eg som reiste forslaget, og eg må innrømme at eg ikkje trudde det ville bli vedtatt, sa ein lett angrande Gunnar Strøm (SV), på det ekstra kommunestyremøtet der Volda ville kome seg på rett spor igjen.

Kravet om folkeavstemming skapte opprør i Volda, og forvirring i Hornindal, som må velje mellom Volda og Stryn.

– Det har vore klart fleirtal i Hornindal for Volda, men med dei signala som kom frå Volda har det minka betrakteleg. No kan det bli ein 8 mot 9-situasjon i vårt kommunestyre, sa ordføraren i Hornindal Stig Olav Lødemel, som var gjest i Volda kommunestyre.

Snudde

Dei fleste Volda-politikarane følte at dei ikkje hadde noko anna val enn å snu, sjølv om fleire påpeika at det har gått fort i svingane. Tidlegare ordførar Arild Iversen (KrF) kritiserte både prosessen og sjølve intensjonsavtalen.

– Det har vore mange usikkerheitsmoment. Vedtak har vore omgjort, det har vore tidsnaud og dokument vert endra i siste liten. Volda og Hornindal er eit heilt anna prosjekt enn Volda/Hornindal/Stryn. No vert intensjonsavtalen med Stryn/Hornindal lappa på, og det er lite tilfredsstillande, sa Iversen.

Han meinte fylkesmannen har gitt rom for utsett frist, og var dessutan usikker på kva voldingane eigentleg ønskjer.

– Innbyggarundersøkinga viser at høgst 41 prosent av innbyggjarane i Volda ønskjer Hornindal, sa Iversen.

Han foreslo fleire endringar i intensjonsavtalen. men fekk berre støtte frå sju andre.

Debatten viste også at det er Ørsta, ikkje Hornindal, som er førstevalet for Volda-politikarane, og det kom inn eit vedtakspunkt som held døra til Ørsta opa i tilfelle tvangssamanslåing.

Også Hornindal-ordføraren vil tenkje større.

– Går Hornindal til Volda er det større sjanse for at Stryn kjem etter, sa Hornindal-ordføraren. Også han vil ha med Ørsta.