– Dette er vi veldig godt fornøgde med. Over 90.000 badegjester er ei stor glede – og ei oppmuntring til å halde fram med å gi badeglede, seier dagleg leiar i Sunnmørsbadet, Karl Petter Sortehaug.

Selskapet omsette for 10,6 millionar kroner og fekk eit resultat før skatt på 795.000 kroner i fjor. Driftsresultatet var på knapt 2,9 millionar kroner.

300 per dag

Sunnmørsbadet opna i mars 2015. Drifta av badet har ifølgje ei pressemelding gått svært bra. Første tida var det dagar med rundt tusen badegjester.

Når året er omme, kan ein telje opp nesten 92.000 besøkande, noko som gir ein snitt på godt over 300 per dag. Dei 92.000 besøkande åt over 15.000 isar og over 7000 pølser med chips.

Om lag 7.500 av besøka er knytt til trening med fysioterapeut, besøk av bedrifter, skular og barnehagar.

Resten, over 84.000 personar, er besøkande som kjem frå heile Sunnmøre og Nordfjord.

– Sunnmørsbadet har vorte eit bad for heile regionen slik vi såg føre oss, seier Sortehaug.

Mange får symjeopplæring

Dagleg leiar Karl Petter Sortehaug seier det første året med det nye Sunnmørsbadet har gitt ein mykje å glede seg over. Godt besøk og overskot er to ting, men han vil også drage fram dei mange som har fått symjeopplæring.

– Vi har gitt om lag 8000 barn symjeopplæring i løpet av 2015. Det er ei langsiktig investering i barns liv og helse og ein uhyre viktig  del av det vi driv med i Sunnmørsbadet, seier han.

Vêravhengig besøk

Målet for 2016 er 100.000 besøkande.

– Får vi fin juli og august, med skodde og regn, så er dette ikkje noko problem, seier Sortehaug til smp.no.

Godt sommarvêr er som vi skjønar ikkje det same på eit innandørs badeanlegg som for dei som held seg utandørs. Og Sortehaug fortel at dette merkast godt på besøket. Vått vêr og skodde gir fullt hus, medan det kan vere tomt når sola skin.

Offshore-krise

Herøy merkar godt offshore-krisa og slit med høg arbeidsløyse for tida.

– Vi merkar ikkje offshore-krisa direkte, men med høg arbeidsløyse har vi tenkt at det kan bli færre som kjøper årskort, seier Sortehaug til smp.no.

Han minner likevel om at dei fleste som besøkjer badet ikkje er frå Herøy, men er tilreisande. Badet satsar no offensivt saman med hotellet for å få endå meir langvegsfarande, spesielt frå Gudbrandsdalen og Ottadalen. Og ein ser at det er fleire frå innlandet som legg turen til kysten.