Avtalen skal opp til endeleg handsaming i kommunestyret seinare i dag, men basert på det som skjedde i formannskapet tyder alt på at den vert vedtatt. I praksis betyr det at politikarane i Volda vedtar samanslåing med Hornindal, berre to veker etter at eit fleirtal av dei same politikarane vedtok at det skal haldast folkeavstemming om saka.

I Hornindal må dei velge mellom Volda og Stryn, og det såg ut til at kravet om folkeavstemming i Volda bikka hornindølane mot Stryn. Dermed angra politikarane i Volda, og det er duka for ny runde i Volda kommunestyre i dag.

I formannskapet markerte tidlegare ordførar Arild Iversen (Krf) som det tydelegaste skeptikaren til samanslåing med Hornindal.

- Vi har ikkje gitt oss skikkeleg tid til å drøfte avtalen. Vi veit heller ikkje om vi har folket i Volda bak oss for samanslåing med Hornindal, sa Iversen. Han la fram fleire forslag til endringar. Desse vart ikkje vedteke, og dermed stemde Iversen nei til hovudpunkta i  intensjonsavtalen.

I formannskapet fekk han berre støtte frå Odd A. Folkestad (Frp).

- Eg stemmer nei til avtalen her, men er i tvil. Dette er ei komplisert sak, og no vil vi drøfte den i partigruppa. Så det kan god vere at eg stemmer ja i kommunestyret, sa Folkestad.

Før helga kom det fram at det er samarbeidsproblem mellom Odd A. Folkestad og ordførar og varaordførar. Varaordførar Fride Sorthehaug foreslo at det vart innført taletid i formannskapet, men dette vart nedstemt i første omgang, med tilvising til at det må fremjast ei eiga sak om  endring i reglementet.