Første inntaket for vidaregåande er klart

193 av ungdomsrettssøkarane til skoleplass på VG1 står framleis utan tilbod.

Illustrasjonsbilde   Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Nyheter

9.647 søkarar har fått tilbod om plass i 1. inntaket til dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal for det komande skoleåret. I 1. inntaket er det nesten berre søkarar med ungdomsrett som har fått tilbod.

Fristen for elevane å svare på 1. inntaket er 14. juli.

Nå er Vegard heilt fornøyd

18-åringen hadde 24 av 25 mulige seksere på vitnemålet, men klaga på femmeren i norsk hovedmål - og fikk medhold.

– Av erfaring veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når 2. inntaket blir kjørt ca. 8. august.  Ved 2. inntaket vil vi også ta inn vaksne søkarar til ledige plassar, samstundes vil vi passe på at alle ungdomsrettssøkarane får plass før skolestart, opplyser konstituert fylkesutdanningssjef Rune Solenes Opstad i ei pressemelding fredag.