I hagen til Svein Eiksund har dei i lang tid hatt besøk av ei slik kråke. Ho ser annleis ut enn vanleg, med innslag av både brunt og oransje i fjørdrakta.

– Det er ein kråkeunge som etter kvart har vakse til normal storleik. Og det som skil ho frå andre kråker er fargane, seier Svein Eiksund.

Ornitologane Kjell Mork-Soot og Alv Ottar Folkestad kjenner til fenomenet, og fortel at det ikkje er uvanleg å kome over slike individ i kråkebestanden på Hareidlandet.

Desse kråkene manglar melanin, noko som gjer at dei får ei lysare fjørdrakt, og over tid bleiknar dei nærast heilt.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no