– Det­te er nok ik­kje noko for folk med høg­de­skrekk, sei­er Be­ne­dic­te Sak­ke­stad.

– Ein kjen­ner seg frykteleg li­ten, og mer­ker su­get frå ju­vet un­der når ein står på top­pen og spei­dar ned i av­grun­nen, seier Sakkestad.

Ho er drifts­an­svar­leg ved Kraft- og skred­sen­te­ret i Ta­fjord i Norddal kommune på Sunnmøre.

Om alt går som dei plan­legg, vil førs­te­mann gå ut­for den nes­ten 100 me­ter høge og stup­brat­te veg­gen i mid­ten av au­gust.

Benedicte Sakkestad er driftsansvarlig ved Kraft- og skredsenteret i Tafjord.

– Det vert no job­ba med ut­plas­se­ring av sik­rings­ut­styr og an­dre vik­ti­ge føre­bu­in­gar knytt til sik­ker­heit, opp­ly­ser Sak­ke­stad i ei pres­se­mel­ding.

Det er Ta­fjord Kraft­pro­duk­sjon som eig dam­men.

– Dei har gitt ei­ne­rett til Kraft- og skred­sen­ter som til­by­dar av ak­ti­vi­te­ten. Kon­sern­di­rek­tør i Ta­fjord, Erik Es­pe­set, har tin­ga på å vere førstemann ut­for stu­pet, og det er inn­vil­ga, for­tel Sak­ke­stad.

Dette var Nord-Europas høgaste betongdam då den stod ferdig på slutten av 60-talet. Zakariasdammen dem­mer opp Zakariasvatnet.

Zakariasvatnet rom­mar 70 mil­li­o­nar m³, og er eit av dei stør­ste ma­ga­si­na Ta­fjord Kraft­pro­duk­sjon har i Ta­fjord­fjel­la. Vatn frå Zakariasvatnet blir ut­nyt­ta ved kraft­sta­sjo­nen Ta­fjord 4, som ligg nede i byg­da, opplyser kraft- og skredsenteret.