I Agder og Rogaland skal sopp eller ròteangrep ha øydelagd meir enn halvparten av jordbæravlingane. Nasjonalt skal det har blitt produsert 40 prosent færre bær enn planlagd. Senterpartiet ber landbruksministeren om tiltakspakke til jordbærbøndene. Norske jordbærforskere er til og med bekymret for resistente jordbærsoppsykdommer.

Men i Valldal på Sunnmøre går ting etter boka.

– Vi har som regel eit innslag i starten av sommaren. Også i år var det noko her i starten, seier Harald Valle i Valldal Grønt, mottakar og grossistselskap for produsentane i kommunen og områda omkring.

Jordbærprodusent Jan Ole Fuglem stadfestar inntrykket til Valle.

Jan Ole Fuglem har store åkrar både i Valldal og Tafjord.

– Her har vi berga oss bra så langt i år. Det er lite sopp og ròte, seier han.

Han seier det er mykje godt vêr som gjer at det har vore lite sopp i år.

– Dette er ein tapsfaktor som varierer litt, men no har vi hatt veldig mykje godt vêr og det gir dårlege vilkår for sopp. Lenger sør har det vore mykje dårleg vêr. Der har gitt stort smittepress, forklarar Fuglem.

Plukkast for fullt

Dei fleste plukkarane kom først sist veke. Planen er at det skal takast opp 470 tonn med jordbær frå åkrane i Valldal og områda omkring.

– Vi hadde ein stor dag i går. Då leverte vi 11.000 korger konsumbær. Dei kjem i butikken i dag, seier Valle.

Også her er produsent Fuglem einig med grossisten.

– Her er det veldig bra. Vi er godt i gong med innhaustinga. Det har vore veldig mange gode haustingar. Det vi kan sjå ser bra ut, seier Fuglem.

Les også: Mat og drikke skapar arbeid (krev abonnement)

Les også: Trur på ein bra jordbærsesong i Valldal (krev abonnement)

Pris

Færre jordbær på marknaden nasjonalt kan gjere det slik at jordbæra ikkje vert mykje billigare utover sommaren, slik som dei ofte vert.

– Vi har veldig god etterspurnad etter Valldals-bæra på Sunnmøre. Det er ein god lokal marknad. Men det kjem kanskje ikkje så store leveringstoppar. Dermed går kanskje ikkje prisane ned så mykje, seier Fuglem

Les fleire nyheiter her