Fire tiltalt for overgrep

Fire tenåringsgutar er tiltalt for seksuell omgang med ei 15 år gammal jente i Nordfjordeid.

Tiltale Fire tenåringsgutar er tiltalt for seksuell omgang med mindreårig. Hendinga skjedde under Malakoff Rockfestival i fjor. Bildet er frå etterforskinga av saka i søndag 19. juli 2015.  Foto: Jon Olav Nesvold/NTB Scanpix

Nyheter

Det meldar Fjordenes Tidende. Jenta var deltakar på Malakoff Rockfestival, men hendinga skal ha skjedd utanfor festivalområdet.

Saka blei meldt til politiet som valdtekt, men gutane er no tiltalt for seksuell omgang med mindreårig. Statsadvokaten har teke ut tiltale mot dei fire tenåringsgutane, og saka blir teke opp i Fjordane tingrett i løpet av hausten.

Tidlegare har politiadvokaten uttalt at tenåringsgutane har innrømt seksuell omgang med jenta, men nektar straffskyld.