Fleire turistar tek avstikkar frå hovudstien og villar seg inn i hekkeområda til storjoen.

– Folk går rett gjennom territoriet deira. Storjoungane blir flygedyktige i juli/august. Inntil den tid gøymer dei seg i lyngen, fortel Ingar Støyle Bringsvor som driv med feltarbeid i området, for Norsk ornitologisk foreining og NINA.

Ser ikkje ned

Tre av fire gonger han har vore der siste tida har han observert folk i området.

– Storjoen forsvarer egg og ungar. Folk mister alle hemningar. Dei trur dei blir angripne, viftar med armane og har sekkar over hovudet, og dei ser ikkje kvar dei trakkar, seier Bringsvor og fryktar at turistar har trakka i hel storjoungar, men også at storjoen trekker seg unna, om dette held fram.

Også Alv Ottar Folkestad er opprørt over det som skjer.

– Forvaltning av freda område står i nokså grell kontrast til det vi møter om at vern av sjøfugl skal vere prioritert, seier han.

I motsetnad til ein del andre artar, er det ifølgje Folkestad lett å sjå når storjoen blir forstyrra, sidan han fyk opp med ein gong.

– Ein del turistar vil provosere storjoen, for då kan dei ta dramatiske bilde og ta «selfie» når fuglane kjem stupande, seier Folkestad.

Kutta 40 stillingar

Seniorrådgjevar Ola Betten hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal stadfestar at det er blitt mindre oppsyn på Runde i år. Og han er einig i at det er for dårleg.

– Det burde vore oppsyn på Runde heile tida, men i år var det ikkje budsjettmidlar til det. Miljødirektoratet som har ansvaret for Statens naturoppsyn, måtte spare 40 stillingar, fortel han.

Deltidsoppsyn på Runde er ei av stillingane som er fjerna. I staden skal tre oppsyn i nærleiken bruke litt tid på Runde. Den eine av dei er stasjonert ved Jostedalsbreen, i Sogn, og har fullt av oppgåver der. Denne veka har dei to andre oppsyna ferie.

Betten er også heilt einig i at det er uheldig med folk inn i hekkeområdet. Det er krevjande for storjoen å få fram ungane når dei blir forstyrra.

– Når det er trykk på dei heile tida, vil det gå ut over hekkesuksessen, seier han.

Ikkje forbod i dag

Ifølgje Betten er det ikkje ferdselsforbod i området i dag.

– Det er uheldig aktivitet som vi ikkje ønskjer skal skje, men det er eit hol i lovverket for området, og vi kan i dag ikkje avvise ferdsel med lova i hand, seier han.

Det er rett nok ein omsynsparagraf i naturmangfaldlova, der det blir slått fast at ein ikkje skal forstyrre dyreliv, reir og egg, men dette vernet er svakare enn eit arealvern i form av naturreservat, der fuglelivet blir verna.

Vil ha ferdselsforbod

På Runde er fuglelivet i dag verna mot ferdsel nede i Fuglefjellet, men ikkje oppe på platået. Og Betten seier at Fylkesmannen no vil jobbe med å få endra forskrifta for Goksøyrmyrane.

– Dette er noko som må avgjerast i statsråd, men vi vil foreslå å utvide verneformålet i forskrifta til også å gjelde hekkande fugl. Og vi vil få inn eit generelt ferdselsforbod utanfor merka stiar, seier Betten.

Som eit strakstiltak tek han no initiativ til å lage ein enkel informasjonsplakat om storjo, der ein forklarer at det er fugleungar i graset. Ein vil også oppmode folk om å følgje hovudstiar og ikkje gå ut på myrområda.

– Men vi har ikkje heimel til å nekte vanleg ferdsel, seier Betten.

<strong>Storjo:</strong> Det finst rundt hundrede par storjo på Rundeplatået i år. FOTO: Fylkesmannen