Besøket til Geiranger står ikkje på det offisielle programmet til Det norske kongehuset, men ho har blitt observert i Geiranger i dag.

Men det er ikkje overraskande at den svært naturinteresserte og fjellglade dronninga vel å ta eit sommarbesøk i Geiranger.

Kongeskipet «Norge» har også vore i Geiranger i dag, og det er all grunn til å tro at dronning Sonja kom med skipet. I skrivande stund passerer skipet Stranda på veg ut Storfjorden.

KS «Norge» kom til Geiranger om lag klokka 9. Klokka 10.30 var forlét det Geiranger.

Smp.no har forsøkt å kome i kontakt med Slottet for ein kommentar om kva dronning Sonja har gjort i Geiranger i dag og kva planane vidare er, men har ikkje lukkast.