Dermed er dette den mest innbringande fotoboksen i Møre og Romsdal, berre slått av fotoboksen på Tøndergård i Molde, som håva inn heile 511.600 kroner i første halvår.

Nummer to på lista på Sunnmøre er fotoboksen på riksveg 654 på Hjelmeset i Herøy, som sørga for 164.300 blanke kroner i statskassa i første halvår.

Fotoboksen som har tredjeplassen står på riksveg 60 i Hatleholen i Ålesund. Denne skaffa statskassa 59.000 kroner.

Langt færre drepne i trafikken

– Årsaka til at det er fotoboksar langs vegane i Norge er ønsket om å få ned farta på strekningar som er ulykkesutsette. Og talet på drepne og hardt skadde har dei siste åra gått ned. Automatisk trafikkontroll (ATK) er eitt av mange tiltak som har vore med på å få ned tala, opplyser politioverbetjent Kai Henning Nilsen ved ATK-senteret i Fræna.

– At ATK verker viser den rapporten som Transportøkonomisk Institutt (TØI) laga i 2014 for både punkt- og streknings-ATK. Talet på drepne og hardt skadde vart redusert med ca. 50 prosent der det er ATK, legg Nilsen til.

Senter Politiinspektør og leiar av Politiets ATK-senter, Kjell Arne Hestad (i uniform), seksjonsleiar Inger Torill Mahle og politioverbetjent og ATK-koordinator Kai Henning Nilsen. Foto: Kjell Herskedal

Her er det fotoboksar i Møre og Romsdal, ifølgje ein oversikt hos

Statens vegvesen

:

  • Fv. 61 på strekninga Hareid–Garnes: 3 fotoboksar

  • Fv. 60 på strekninga Blindheim–Magerholm: 1 fotoboks

  • Fv. 654 på strekninga Berge–Fosnavåg: 2 fotoboksar

  • Fv. 653 Eiksundtunnelen: Gjennomsnittsmåling begge retningar

  • E 39 på Årø aust for Molde: 2 boksar

  • Fv. 663 på strekninga Dale–Elnesvågen: 2 boksar

  • Rv. 70 på strekninga Omsund–Rensvik: 2 boksar

Totalt har fotoboksane på Sunnmøre første halvår henta inn 616.600 kroner frå bilistane, mot 539.800 kroner på same tid i fjor. I Romsdal og på Nordmøre har fotoboksane sørga for 990.100 kroner i bøter første halvår.

Med andre ord har fotoboksane i heile Møre og Romsdal i første halvår skaffa statskassa 1,6 millionar kroner takke vere fartsbøter.

Førarkortet

– Vår inntrykk er at det vert køyrd jamt fortare, men at toppfarta likevel har gått ned, noko inndregne førarkort viser, seier Kai Henning Nilsen.

På Sunnmøre sørga fotoboksane i fjor for 11 inndregne førarkort i første halvår, mot to i år.