Sunnmørsposten skreiv torsdag om politibemanninga i Møre og Romsdal politidistrikt, som er den lågaste i landet. Særleg lensmannskontora treng auka bemanning, ifølgje politiet.

Ei ringerunde til fleire lensmenn bekreftar dette.

– Vi har hatt nesten to år samanhengande med ei ledig stilling som vi ikkje har råd til å fylle, seier lensmann Jan Magnar Sandvik i Vestnes.

– Litt leit

Som lensmannen i Haram, må også lensmannen i Vestnes prioritere hardare.

– Det er ein del saker vi helst skulle sett på som vi må legge bort. Det gjeld for eksempel vinningssaker, tjuveri og innbrot, seier han.

– Dei mest alvorlege sakene blir prioritert. Men for mange folk som kanskje er sjeldan i kontakt med politiet, er det jo litt leit at vi ikkje kan hjelpe dei.

Vald og barneavhøyr

Politiet skal prioritere enkelte område, som vald, seksuelle overgrep og tilrettelagde avhøyr av barn.

– Dette kan få følgjer for andre område, spesielt innanfor etterforsking

Optimistisk leiar for Søre

Også Søre Sunnmøre har for få etterforskarar, seier lensmann Guttorm Hagen, leiar for politiet  si driftseining for Søre Sunnmøre. Hagen har i så måte gode nyheiter:

– Arbeidspresset har vore vel hardt på dei få etterforskarane vi har. Vi skal difor lyse ut to nye etterforskarstillingar i august, seier Hagen.

– Den eine er nyoppretta. Vi skal prioritere etterforsking av vald og SO-saker. I tillegg vert det lyst ledig ei stilling innan vakt og beredskap.

Lensmann Guttorm Hagen i politiet i Volda og Ørsta. Foto: Knut Arne Aarseth

I tillegg er det mykje som har endra seg i måten politiet på Søre arbeider. To lensmannskontor i Ørsta og Volda har blitt til eitt, og politiet har fått aktiv teneste døgnet rundt.

– Eikesundsambandet har hatt mykje å seie for beredskapen, i tillegg til nye hjelpemiddel og arbeidsmetodar. Det operative politiet er røynde og trenar meir enn før, seier han.

–  Samstundes betyr meir tid til trening mindre tid til etterforsking. Dei nye stillingane vil hjelpe på, seier Hagen, som trur at mykje vil gå seg til etter kvart som det nye politidistriktet tek form.

– Du er optimist?

– Ja, det er eg.