Det vart i går gjort kjent at utsleppa frå cruiseskipa i Geirangerfjorden, Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden skal kartleggast.

Møreforsking publiserte i fjor ei analyse som viser at cruiseskipa kan stå for 84 prosent av CO2-utsleppa frå transport i Geirangerområdet.

Hamnesjef Rita B. Maraak. Foto: Staale Wattø

Ifølgje Rita Berstad Maraak, hamnesjef i Stranda, er dei positiv til det som no er under arbeid. Stranda hamnevesen skal også hjelpt Sjøfartsdirektoratet med informasjon.

– Det må aldri vere tvil om at vi  alle vil ha ei grøn samfunnsutvikling basert på kunnskap for å gje samfunnet, forvaltning og næringsliv godt nok grunnlag for å gjere tiltak. Stranda hamnevesen har over lengre tid arbeidd med miljøsaka og hatt ein tett dialog med både NTNU, Sjøfartsdirektoratet og andre, skriv ho i ein kommentar.

Ifølgje ho er det på høg tid  er at ein no har starta arbeidet med miljøkartlegging og måling av utslepp må skje i samanheng med talet på personar i ei slik vurdering. Ho vil også at Hurtigruta vert tatt med i målingane.

Samstundes ber ho om at det gjerast målingar av trafikken på land også.

– Cruiseindustrien er føreseieleg, men det kan skje at landbasert næring kan tape omsetning om ein innfører særordningar for cruise. Det vil ha store konsekvensar for til dømes Stranda kommune og næringsinntekt, skriv ho.