– Vi treng fleire jerngryter til å koke vassgraut, trekke fisk, lage suppe og anna tradisjonsmat. Etter år med matlaging både på bål og i grue er grytene vi har i ferd med å bli oppbrukt. Difor lurer vi på om nokon har ei jerngryte til overs å gi oss?

Det er Arve Yndestad som stiller spørsmålet, og ber folk ta ein titt i kjellar og i uthus for å sjå om dei kan ha støypejerngryter ståande utbrukt.Saman med andre formidlarar ved Sunnmøre Museum legg Yndestad vekt på å la elevar delta aktivt i matlaging når dei har skuleklasser på besøk for å lære om mattradisjonar.

– Dei unge må ikkje berre ha greie på taco og sushi. Det er viktig at dei får lære korleis mat vart laga i steinalderen og i mellomalderen, seier Yndestad som legg til at det same blir vektlagt når museet inviterer publikum til mellomalderfestival, museumsdagar og andre arrangement.

–Då gjer vi alt så autentisk som råd, og legg vekt på å ha tidsrette kokekar. Når vi under til dømes Mellomalderfestivalen skal vise folk korleis matlaging føregjekk på den tida kan vi ikkje stå der med plast, stål og aluminium, meiner Arve Ynde- stad.

Plantefarging

Sunnmøre Museum har i alt fire støypejerngryter til bruk i formidling.

– Den eine blir berre brukt til plantefarging når vi held kurs i å bruke blomster og røter til å sette farge på garn og stoff, medan dei tre andre er berre til matlaging, seier formidlar Ingvill Wille.

Ho fortel at museet har fleire jerngryter i samlinga si, men gryter og andre gjenstandar som er gitt til museet kan ikkje utan vidare brukast til aktiv formidling.

– Det må det i så fall gjerast eigen avtale om. Jerngrytene som er i bruk, har vi kjøpt i bruktbutikkar. Og no treng vi fleire. Minst tre til, og aller helst ti, seier Ingvill Wille.

Blomsterpotter

Å få tak i støypejerngryter har vist seg å ikkje vere heilt enkelt. Og difor etterlyser museumsfolka kokekar av denne sorten.

– Ein del gryter er blitt blomsterpotter, andre er blitt kasta medan samlarar har kjøpt opp ein god del. Difor er jerngryter ikkje lenger så enkle å få tak i, meiner Arve Yndestad som likevel trur det kan stå mange bortgøymde jerngryter rundt om på Sunnmøre.

– Kanskje er grytene fulle av rust slik at folk trur vi ikkje kan bruke dei. Rust gjer ingen ting. Den fjernar vi og smør inn grytene med feitt, og så er jerngryta nesten så god som ny, seier Arve Yndestad som har bruk for jerngryter i alle storleikar.