Det er eit sterkt engasjement rundt forsvinninga til hunden Lissi, som stakk av under ein luftetur i nærleiken av Melshornet i Hareid måndag 25. juli.

Rundt 200 menneske er i sving – dei leitar i skog og mark, sit på faste postar og tipsar kvarandre på Facebook.

Ulike typar dronar har floge over området der ho har blitt observert.

Røde Kors har gjort søk – til og med Redningsskøyta har leita i sjøen med varmesøkjande kamera.

Og fleire gonger har dei vore svært, svært nær ved å fange ho – heilt til ho tek beina fatt og spring sin veg nok ein gong.

– Dette er ein eineståande og rørande respons i ei tid der vi høyrer så mykje negativt om kva menneske kan finne på å gjere mot dyr. Det er utruleg at det finst så mykje godheit og frivilligheit. Folk ofrar ferie og fritid for å finne ein ukjent hund, som er ein del av vår familie, seier eigar Thomas Dulin.

Gir ikkje opp

– Vi gir ikkje opp, men eg må innrømme at då eg kom heim i dag var eg på brinken, fortel eigar Thomas Dulin.

Når Sunnmørsposten pratar med Dulin tysdag morgon, er han sliten. Han og fleire andre vore ute og leita heile natta.

– Vi har ikkje sove og er veldig trøtte. Men vi håper dei frivillige framleis har guff i beina til å leite vidare.

Det er knapt nok ikkje ein ting dei ikkje har prøvd for å fange den rebelske eurasiaren.

– Vi har gjort alt. Vi har sett ut feller med viltkamera frå Kellys Håp, teke i bruk kastenot og fiskenoter rundt omkring, leita både organisert og uorganisert. Spørsmålet er vel heller kva vi ikkje har gjort.

Ofte observert

Lissi er langt frå sporlaust borte. Ho blir observert fleire gongar dagleg, men er vanskeleg å få has på. Ho ferdast stort sett i det same området – Vabakken ned mot Rotary i Hareid. Men sist ho blei sett, sprang ho mot Brandal.

– Ho er reine utbrytarkongen. Det er berre tilfeldigheiter som har gjort at vi ikkje har fanga ho enno.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Hunden er tilsynelatande i svært god form.

– Ho har uendeleg med drikkekjelder i nærleiken, og eg veit ikkje kva ho et, om det er froskar, meitemark eller gras.

Rømte

Lissi var på Freya hundepensjonat mens familien Dulin var på ferie i Danmark. Ferien blei brått avslutta då dei høyrde at Lissi hadde rømt under ein luftetur. Dei reiste tilbake til Hareid for å bli med på leitinga.

– Det var ei rein ulukke at ho rømte når det skulle skiftast band. Kenneleigaren har vore eineståande i leitinga, seier Dulin.

Marte Hareide på kennelen har vore ute dag og natt på leiting etter den sakna hunden.

– Det er mogleg folk må slutte å jakte på hunden slik at ho får dukke opp av seg sjølv. Ho flyktar ofte når ho ser folk, seier ho.

– Mållaus

Beathe Pilskog, oppdrettaren til Lissi, har vore ein av dei som har stått i spissen.

– Alle som har ein hund eller eit dyr veit kor forferdeleg det er å miste eit dyr. Det er eit familiemedlem. Derfor vil folk hjelpe til.

Ho fortel at det var Redningsskøyta sjølv som tok kontakt og ville hjelpe til i søket.

– Eg blei heilt mållaus. Det var ganske overveldande, seier ho.

Frivillige har stilt med teppe, soveposar, termosar med varm drikke. Dei deler ut kaker og varme vaflar med sylte til dei som er på leiting.

– Vi kjem til å få tak i ho til slutt.

Observasjonar av hunden kan meldast inn til Facebook-gruppa «Vi som leiter etter eurasier Lissi».

Thomas Dulin og Merete Dulin var på ferie i Danmark då hunden rømte. Dei avbraut ferien for å reise heim til Hareid og leite. Foto: Privat
Lissi blir stadig observert nært Rotary i Hareid. Fleire gongar har dei vore nær ved å fange ho. Foto: Privat
Sjølv Redningsskøyta har vore ute på leiting etter den sakna hunden. Foto: Privat
Lissi blei sett tirsdag rundt klokka 13 på dette viltkameraet. Ingenting tyder hittil på at ho gikk inn i fella. Foto: Privat