Det er Vegtrafikksentralen som melder dette på twitter klokka 11.54 tirsdag.

– På E39 i Sogn og Fjordane er Lotetunnelen mellom Lote og Nordfjordeid stengt på grunn av ein kollisjon. Det er uvisst kor lenge det blir stengt, vart det opplyst tirsdag førmiddag.

– Det er snakk om ein kjedekollisjon der fire bilar er involvert. Det er mindre personskade. Tre personar er sendt til sjukehus for sjekk, det er ingen som er alvorleg skadd. Han som ringte inn meldinga om ulykka til politiet melde at bilane hadde lav fart, opplyste Rune Jansen, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt til smp.no.

Det vart først manuell dirigering på staden, seinare vart tunnelen mellombels stengt på grunn av opprydding av oljesøl. Og like før klokka 12.00 vart tunnelen opna for trafikk.

Politiet seier det er for tidleg å konkludere med årsak til ulykka.

– Når ein kjedekollisjon oppstår så skjer det ofte ved at den fremste bilen gjer ei kraftig oppbremsing. Kva som eventuelt skulle vere grunnen til det i dette tilfelle veit vi ikkje, seier operasjonsleiar Rune Jansen.