«Sakna basehoppar er lokalisert og henta ut i Katthammaren. Han er erklært død», opplyser politiet i Nordmøre og Romsdal søndag ettermiddag.

Mannen er utanlandsk, ifølgje rbnett.no. Basehoppet frå Katthammaren skal ha skjedd rundt klokka 12 søndag.

Turbulens?

– Vi har lokalisert ein fallskjerm oppe i fjellsida, og vi har rekvirert redningshelikopter, sa vakthavande operasjonsleiar Jan Helge Kjøl ved politiet i Nordmøre og Romsdal til smp.no tidlegare søndag.

Katthammaren er ein ganske vanleg fjelltopp å hoppe frå. Den høge fjellveggen har også overheng på toppen.

Basehopparar brukar å lande anten nede ved riksvegen eller inne i Eikesdalen. Det fortel den erfarne basehopparen Tom Erik Heimen til smp.no.

Søndag er det ifølgje yr.no vind frå sør-søraust, fem til sju meter i sekundet, i området.

– Vind frå søraust kan gje turbulent luft, særleg nede i dalen. Men eg er ikkje der no og veit ikkje korleis det er der, seier Heimen.

ILLUSTRASJON. Basehopp frå Katthammaren, Eikesdal. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune