Natt til onsdag blei ein person funnen død og fleire innlagd på sjukehus etter overdose av det narkotiske stoffet GHB.

– Det er utruleg trist at slike ting skjer. Mine tankar går til dei pårørande i saka, seier Frode Tafjord.

For han er saka ei varsellampe.

Lille julaftan i 2007 blei Frode Tafjord og Linda Tafjord råka av ein kvar forelder sitt verste mareritt. Hans 24 år gamle dotter, Camilla Tafjord, blei enda eit namn i denne fryktelege statistikken over dødsfall knytt til narkotika og det farlege GHB-stoffet.

Frode Tafjord varslar storm om ikkje unge får tidleg varsel og opplæring om farane knytt til rus.

– Det er dei unge som er framtida og den viktigaste ressursen vi investerer i, men eg er svært skuffa over lågt engasjementet for førebygging av rusbruk, fortel Tafjord.

Sorg

Stor sorg har prega kvardagen til familien Tafjord, men den tragiske hendinga har også gitt grorbotn for energi og vilje til å skape ei endring.

Ein månad etter å ha missa si dotter byrja Frode å engasjere seg i rusproblematikken, og oppretta Camillastiftelsen.

Han har dei siste åra gjennomført mange foredrag for skuleelevar, lærarar, foreldre, kommune, lag og foreiningar.

– Dette er frivillig arbeid eg med glede gjer, men eg klarer ikkje å gjere det åleine. Eg treng hjelp frå lokalsamfunnet noko eg skulle ønske det var meir av. Vi må stille oss spørsmålet kva skal vi gjere?

– Eg veit at mitt arbeid kan hjelpe. Vis engasjement, seier Tafjord som rettar sine utsegner spesielt over til stat og politikarar.

Samordning

Ålesund kommune har nyleg tilsett Linda Beate Hansen som SLT-koordinator i Ålesund kommune.

Ei heilt ny stilling som skal jobbe med å samordne av lokale kriminalitetsførebyggande tiltak, der også førebygging av rusmisbruk vil vere ein viktig post.

Dette er også blant tiltaka som blei oppretta i samband med den ruspolitiske handlingsplanen.

– Vi har mykje godt engasjement i kommunen. Målet med stillinga blir å samordne akkurat denne typen engasjement, men også andre tiltak som kan ha ein førebyggande verknad mot rusmisbruk, forklarer Linda Beate Hansen til Sunnmørsposten.

– Eg er ikkje heilt einig med at engasjementet er for lite, men vi skal heller ikkje slå oss til ro og seie at vi har gjort alt vi kan. Det vil alltid vere slik at ein kan gjere meir. Likevel vil eg presisere at det blir gjort mykje godt førebyggande arbeid i kommunen. Det viser mellom anna Ungdata-undersøkinga. Ein ser likevel behovet for betre samordning mellom fleire instansar, både offentlege og private, fortel rådgjevar i rådmannens stab Øyvind Skjelten.

Dei to kommunearbeidarane er begge samde om viktigheita av temaet og håper samordning kan bidra til å gjere det førebyggande arbeidet betre.Tafjord som har vert med å kjempa for stillinga er glad for at ei slik stilling no er på bana, men understrekar at mykje framleis står att.

– Det å finne ut at sine born, unge eller gamle, har problem med rus, er ei ufatteleg tung bør. Derfor er det viktig å kommunisere. Om ein registrerer rusmisbruk er det viktig å seie frå til foreldre eller pårørande då det faktisk ofte er dei som får vite det sist.– Vi må jobbe samen. Det er då vi kan drage det tyngste lasset, avsluttar Tafjord.