15,5 kilo vog den etter sigande, laksen Oddmar Riise fekk i Bondalselva i Ørsta, litt før klokka 07, fredag.

- Eg er framleis heilt utlada. Lakseskjelven kallar dei det, ler Riise sjølv, fleire timar etter at han endeleg fekk storfisken i land.

Riise - som opphavleg er frå Sæbø, bur Oslo, men er heime på ferie og har fiska fleire gongar i elva denne veka. Fredag morgon var han tidleg, men likevel ikkje av dei aller første, på plass i elva.

- Eg fiska med sluk, og prøvde meg først eit stykke fram i elva sidan det sto ein kar og fiska i ein høl eg hadde sett meg ut, fortel Riise. Etter kvart kom han tilbake til denne hølen, der den andre fiskaren viste seg å ha hatt på, men mist, ein pjakk.

Utan klepp

Riise fortel at storfisken beit på første kast i hølen.

- Då fisken begynte å gå framover i elva, visste eg at eg hadde laks og ikkje pjakk på kroken. Eg følgde den framover til den stoppa, men etter at den hadde stått stille i rundt ti minutt, snudde den brått og for attende. Det var berre å sleppe ut meir sene. Der eg sto var det så sleipt og glatt, eg klarte ikkje springe langsmed, fortel han.

- Og pulsen?

- Heilt på maks, eg gjekk nesten i svart, humrar Riise. Litt lenger ned i elva fann han ein fin stad å ta laksen inn mot land, og først då såg han kor stor den var. Det var berre eitt problem. Riise hadde ikkje med seg klepp.

- Eg prøvde først å knipe fisken over hovudet og inn mot gjellene, men hovudet var så stort at eg ikkje hadde sjans, fortel laksefiskaren.

- Heldigvis hadde ein annan som fiska i elva slik, og då ordna det seg, legg han til.

15,5 kilo

Og storfisken er altså vegd.

- 15,5 kilo viste digitalvekta. Den største eg har fått nokosinne, seier Riise. Planen vidare er å fryse ned laksen for så å levere den til røyking.

- Det vil seie, det spørs om eg må få gjort ei avstøyping av fisken som eg kan ha på veggen, før vi kjem så langt. Dette er ikkje kvardagskost, seier fiskaren. Med storlaksen han fekk fredag har han fylt kvota på fire fiskar på ei veke og reknar seg som ferdig med fisket i Bondalselva for denne gong.