- Barstadvik og fram i dale er nesten som ei krigssone. Det er nesten ikkje for meg å tru og eg har jo sett forskjellige skader før, fortel Ørsta-ordførar Stei Aam til Smp.no fredag kveld.

Tidlegare på dagen var han på synfaring i Barstaddalen saman med grunneigarar, folk frå Landbrukstilsynet, og teknisk sjef i kommunen.

- Verste i manns minne

Det er Mørenytt som fredag omtalar skadeomfanget av storflaumen på tysdag.

Dei var med på synfaringa, og gjengir inntrykka til bygdefolket:

«Det buldra frå elva, og hus som står nær elva formeleg rista. Mange opplevde flaumen som villare enn den siste storflaumen i bygda, i august 1980.»

Størst skader fremst i dalen

Skadene er verst fremst i dalen, fortel ordføraren.

- Verst er det i Barstadvik, men det er også ille i nordre Vartdal og inne på Litle Standal. Der har vi ikkje fått vore, men dei to første stadene var vi i dag, seier han.

Skader på husstandar er ikkje meldt, men to bruer har blitt vaska vekk, vegar gropa ut, og det har vore store forskyvingar av jordmasser. Erdalsbrua er utgravd, og har blitt stengt.

Ifølgje ordføraren var det også nummeret før flaumen tok med seg fleire hytter.

- Der stod i alle fall to-tre hytter fram i dalen som hadde begynt å gropast ut, og hadde ikkje vatnet gått ned att då det gjorde så hadde dei reist.

Aam fortel at nedbøren tysdag må ha vore veldig lokal, sidan skadene nærmare sjøen ikkje er i nærleiken like store.

500 sauer står fast

Ein del oppryddingsarbeid har allereie kome i gong, og ordføraren reknar med det vil starte for fullt neste veke. På mandag startar takseringsarbeidet med lensmannen.

Aam fortel at det er omlag 500 sauer som no står fast heilt fremst i dalen, etter bruene har blitt skylt vekk.

- Vi må også i gong med bygging av noko slags førebels bruer, så dei kan få ned att dyra i månadsskiftet, seier han.

Ordføraren er redd oppryddinga vil koste dyrt, og fortel at dei vil sjå på om dette er noko Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har midlar til å handtere i lag med kommunen. Han trur dette må løftast opp eit høgare politisk nivå.

- Barstadvik er nesten som ei krigssone, seier ordførar i Ørsta, Stein Aam. Foto: Knut Arne Aarset
To bruer blei tekne av flaumen tysdag. Foto: Rune Sæbønes/Mørenytt
Erdalsbrua er gropa ut og har blitt stengt. Foto: Rune Sæbønes/Mørenytt