Det melder Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) i sin siste statusrapport frå fredag ettermiddag.

Ifølgje rapporten er det no venta mellom 35-50 mm nedbør fram til laurdag kveld. I tillegg ligg det nysnø i fjellet, som er venta å smelte.

- Dersom dette vêrvarslet slår inn ventar vi at hastigheita i fjellpartiet vil auke att, og difor blir raudt farenivå oppretthaldt, skriv NVE.

- Godstrafikk gitt dispensasjon

Rauma-ordførar Lars Olav Hustad fortel at godstrafikk på Raumabane blei gitt dispensasjon til å køyre frå natt til fredag.

- Det blei gitt dispensasjon frå i natt, kl 00:00. Så det er mogleg å køyre godstrafikk der. Men det må klarerast for kvar gong av politi og NVE, fortel han.

Det var på tysdag at rørslene i fjellpartiet Veslemannen nådde 10 cm per døgn, på grunn av store nedbørsmengder. Då auka NVE farenivået til raudt - det vil seie ekstrem rasfare.

Fjellrørslene avhengig av vasstilfang

Mellom onsdag og fredag minka nedbørsmengda slik at farta på fjellrørslene gjekk under ein cm i døgnet - der det har haldt seg sidan.

Men rørslene, og dermed skredfara, er i stor grad avhengig av vasstilfanget i fjellpartiet, og med meldingene for helga er dei venta å auke på att.

Veslemanen er ein del av det større, ustabile fjellet Mannen.

Tør ikkje håpe at det rasar

Rauma-ordførar Hustad meiner det greiaste hadde vore om fjellet raste ut jo før jo heller, men tør ikkje håpe på noko, trass vêrmeldingane.

- Jo, det har vi håpt heile vegen. Det meiner alle som bur der. Men det er ikkje råd å vite. Men no skal det regne mykje i helga, så då blir det kanskje ein reaksjon i fjellet.

11 bebuarar og nokre husdyr er framleis evakuerte frå området under Mannen, på ubestemt tid.

- Dei har vore budde på det. Me så klart, det er ikkje noko særleg kjekt å vere evakuert over lengre tid, seier Hustad.