Personbil av vegen - jente lettare skadd

Vegen mellom Måløy og Raudeberg i Vågsøy kommune er stengt på grunn av ei trafikkulykke.
Nyheter

Det var klokka 22.57 fredag at politiet fekk melding om ulykka.

– Ein bil har køyrd utfor vegen ved Skåratunnelen. Sjåføren, ei jente i tenåra, er lettare skadd. Det er store skader på bilen, opplyser operasjonsleiar i politiet, Kai Henning Myklebust.

Han fortel ved midnatt at vegen er delvis stengt.

– Det er manuell dirigering av trafikken. Det er ein del nødetatar til stade, og vi foretek ein del gransking, og ventar på bilberging, seier han.

Operasjonsleiar ventar ved midnatt at vegen ville vere opna igjen innan omlag ein halvtime.