– Det er ikkje skader på kommunale vegar eller fylkesvegar, men dei som brukar å gå via Molladalen, Molladalsskaret til Standalshytta vil sjå at turløypene er øydelagt. Fleire turbruer er skada, seier Tvergrov.

Det er ikkje meir enn om lag eit år sidan Statnett flaug inn to nye bruer. Begge desse har fått skader.

– Ei eldre bru som har stått sidan 97-98 er vekk. Elva har skifta lei og har tatt med seg 4-5 meter av vegen på eit område. Her må du opp i terrenget og rundt, forklarar Tvergrov.

Grendelaget har vore i kontakt med Ørsta-ordførar Stein Aam. Han har sagt at dei må melde inn alle skader innan mandag.

– Det har nok kome tre og rusk frå alle elver på begge sider av Hjørundfjorden. Kvelvingsbrua, den sto nok ein gong, men vi står der med angst og ser på når vatnet går over den og vatnet er brunt, seier Tvergrov.

No skal grendelaget innover dalen å sjå etter meir skader.

Foto: ENDRE STANDAL