Og Volda viser seg frå si beste side. På scena får studentane servert talar, helsingar og musikk.

Opne dører

Rektor Johann Roppen ønskte dei nye studentane velkomen. Opne dører - i dobbel forstand - var eit viktig element i talen til rektoren.

– Høgskulen i Volda skal ha opne dører for studentane. Det skal verre lett å kontakte lærarane, sa han, og la til følgjande oppfordring til studentane om å ha opne dører også seg imellom:

– Spør folk korleis dei rundt deg har det, og bry deg om svara dei gir deg. Ta vare på kvarandre.

Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda. Foto: Nils-Harald Ånstad

Rektor kunne tysdag også opne dørene til eit nytt, gammalt bygg: Kaarstad-huset har i løpet av det siste året blitt totalrenovert.

Tysdag fekk Høgskulen offisielt bygget tilbake frå Statsbygg.

– Høgskulen sitt eldste bygg, Kaarstad-huset, er no født på ny, sa Roppen.

Eksotisk

Hovdebygding Runar Gudnason, for mange kjent som rappar i Side Brok, var hovudtalar.

Gudnason flytta til Danmark som ung mann, og var aldri student i Norge - berre i Danmark. Kanskje er det difor, funderte han i talen sin, at bildet av studentar han hugsar frå si eiga oppvekst i Volda framleis sitt att.

- For meg var ein student noko eksotisk, nesten ein mytologisk skapning eg såg opp til. Eg har etter kvart innsett at eg er ein del eldre enn dykk studentar. Eg forstår det. Men for meg vil student alltid vere noko vaksent, klokt og tøft, sa Gudnason til studentane.

Festing, tur og konsertar

Rett etter opninga er det fadderveka som står for tur for dei nye studentane. Rundt 120 frivillige fadrar står klare til å ta imot dei om lag 1000 nye studentane.

Fadderleiar Nikolai Hannevik Nordlid er klar for fadderveka.

- Det skal eg love deg! seier han ivrig.

Dei neste dagane står både festing, konkurransar, bakkeløp, rebus, og ikkje minst konsertar på Rokken på programmet.

- Eit høgdepunkt blir nok konserten med Datarock,trur Nordlid.

Venskap

For mange handlar fadderveka seg om festing og drikking, men fadderstyret har prøvd å fokusere på at alle skal vere inkludert og føle seg velkomen i aktivitetane utan å måtte drikke.

- Fokuset på binge-drikking og chugging har gått veldig ned. Ein har dei siste åra hatt eit oppgjer med drikkekulturen i fadderveka på høgskulane og universiteta i Norge. Det har verkeleg betra seg, og vi legg heller ikkje opp til at folk skal drikke på arrangementa våre, seier Nordlid.

Hovudfokuset er å bli kjend med medstudentane sine.

- Det som er så spesielt i Volda er det nesten ikkje er nokon her som kjenner folk frå før. Alle er like interessert i å bli kjend med nye ansikt. Viss du engasjerer deg og interesserer deg for andre, skal du ha ein lett jobb med å få venar, seier fadderleiaren.