Ørskog:

Gut skadd i magen under arbeid med ATV

Henta i ambulanse, onsdag kveld.
Nyheter

Oppdatering: - Guten er alvorleg skadd, men statusen er stabil, melder Helse Møre og Romsdal på heimesidene sine, litt før klokka 22, onsdag.

Ein gut er skadd under arbeid med bruk av ATV, melder politiet ved 20-tida, onsdag. Arbeidet skal ha skjedd på fritida.

- Han har skadar i buken og er henta av ambulanse. Politiet har vore på staden og gjort undersøkingar, heitte det i den første meldinga på Twitter.

Politiet har førebels få opplysningar å gå ut med om hendinga.

- Men guten var besvisst då han vart henta av ambulansen, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre til smp.no. Politiet vart varsla om hendinga via AMK klokka 19.10.

Det er oppretta sak.