- Det tilsvarer ein strykprosent på 73, opplyser høgskuledirektør Jacob Kjøde. Han seier tendensen er den same over heile landet.

Bekymra for rekrutteringa

Høgskuleleiinga fortvilar over nedgang i søkartalet til lærarutdanninga. Særleg er det bekymring over sterk nedgang i søkjarar for utdanninga til 1.-7. klassetrinn. Både i Volda og elles i landet.

Minstekravet om fire i matematikk for dei som ville inn på lærarutdanninga har ikkje gjort situasjonen betre.

Kjøde er kritisk til karakterkravet og trur dette berre vil føre til at det etter kvart kjem fleire ukvalifiserte lærarar inn i skulen.

– Kravet om det beste er blitt det godes fiende, seier han til Sunnmørsposten.

Kunne ha vore ni fleire

På landsbasis klarte berre 118 av 485 forkurs i matematikk, ifølge Kunnskapsdepartementet. Bestått tilsvarer karakteren fire i matematikk på videregående skole og ville ha gjeve kursdeltakarane innpass på lærarutdanninga.

Hadde det ikkje vore for den høge strykprosenten på sommarkurset i Volda kunne høgskulen hatt ni fleire lærarstudentar i Volda.

Ni av dei som strauk på sommarens mattekurs i Volda hadde planar om å ta lærarutdanninga same stad. Seks på utdanning på barnetrinnet, tre på lærarutdanninga for 5.-10. klassetrinn.

Stor nedgang i studenttalet

– Dette er eit dårleg opptak, seier Kjøde om årets opptak innan grunnskulelærarutdanninga.  Totalt har 69 takka ja til studieplass på lærarutdanninga mot 92 i fjor. Det er ein nedgang på over 30 prosent.

Berre 19 har sagt ja til studieplass for lærarutdanning for 1.-7. klassetrinn. I fjor var det til samanlikning 36 som hadde takka ja.

50 har takka ja for utdanning for 5.-10. trinn, mot 56 i fjor.

Kjøde presiserer at ein ting er talet på dei som har takka ja til studieplassen, noko anna er kor mange som møter opp på studiene.

Rekordsøknad til PPU

Medan dei tradisjonelle lærarutdanningane i grunnskulen slit med å få studentar, er det rekordstor interesse for å skaffe seg praktisk pedagogisk utdanning for folk med universitetsutdanning eller anna fagutdanning.

Heile 723 søkte seg til praktisk pedagogisk utdanning (PPU) ved Høgskulen i Volda. Men berre litt over 100 fekk plass.

319 søkte seg til PPU allmenfag heiltid, og 243 søkte seg til PPU for almennfag, deltid. 163 søkte seg til PPU for yrkesfag.

- Det blei tatt opp i overkant av 100 studentar til PPU.

- Dette er eit veldig populært studium, seier Kjøde.

Må snakke fram grunnskuleutdanninga

- At så mange vil kvalifisere for utdanning i skulen gjennom å ta PPU, tyder ikkje det på at ein bør gjere noko med utdanningstilbodet for den tradisjonelle lærarutdanninga?

- Det er laga ei eigen grunnskuleutdanning for dei som skal undervise i 1.-7. klassetrinn. Problemet er at det ikke er nok interesse for studiet. Det handlar om å snakke fram studiet og gjere det meir attraktivt, seier Jacob Kjøde.