For andre gong i år går folk i Hareid til val i samband med kommunereforma. Måndag opna vallokala i Hareid kommune.

- Dette er eit hemmeleg val, seier Bente Flote og Karina Holm Johansen, kollegaer ved Distriktstannklinikken i Hareid. Difor vil dei ikkje fortelje kva dei røysta.

Engasjerte

Dei to la måndag føremiddag sine røystesetlar i valurnene på kommunehuset på Hareid, eit av flere vallokale.

- Vi er litt engasjerte, og røysta også ved forrige val, seier Birte.

- Det var iallfall ikkje vanskeleg å bestemme seg, legg Karina til.

Dei to seier at dei har merka eit visst engasjement i kommunen kring spørsmålet om Hareid og Ulstein bør slå seg saman eller ikkje, mellom anna har dei sett slagord på rundballar på bygdene.

Sist skulle innbyggarane røyste over eit alternativ med ein storkommune med Ålesund, eller ein storkommune på ytre søre. No er det ja eller nei til Ulstein det handlar om.

Sa ja

Ei som ikkje skjuler kva ho har røysta er Linda Haddal Røssvoll, forøvrig leiar i valstyret. Ho røysta ja til samanslåing.

- Eg er for samarbeid med Ulstein. Ved forrige val røysta eg for at Hareid skulle stå åleine, men det var fordi det ikkje var eit alternativ å slå seg saman med Ulstein. Og Ulstein og Hareid kjem til å gå saman før eller seinare likevel, meiner ho.

Valdeltaking

Sist var det berre drygt 40 prosent av dei røysteføre innbyggarane i Hareid som møtte fram til vallokala. No håper Linda Haddal Røssvoll på eit større engasjement.

- Kanskje dei er litt lei av folkerøystingar?

- Nei, det kan eg ikkje forstå. Dette er rett nok andre gong i år. Men det går jo vanlegvis mange år mellom kvar gong, seier Linda Haddal Røssvoll.

Det siste røystelokalet stengjer klokka 21 i kveld. Ein timer etter det reknar ein med at resultatet er klart.

Smp.no kjem med resultatet av folkerøystinga straks det er klart.

Ikkje tvil om kva eigaren av desse rundballane meiner om kommunesamanslåing. Foto: Terje Engås