Røde Kors var natt til tysdag ute for å hjelpe to personar som hadde gått seg fast på Vassdalstinden i Ørsta.

- To kvinner melde ved 21.30-tida, måndag at dei hadde problem både med å kome seg ned, og vidare opp, i fjellet, og Ørsta Røde Kors sende difor opp folk for å hjelpe, fortel Magne Tjønnøy ved operasjonssentralen til politiet.

- Desse var oppe rundt klokka 01, og følget nede att om lag ein time seinare. Ingen av dei to hadde kome til skade, men kjente altså ubehag ved tanken på å skulle halde fram turen utan hjelp. I tillegg til at det var bratt, begynte det også å bli sleipt og glatt å gå, legg han til.