Torsdag arrangerte nemleg Hornindal og Volda oppstartsmøte for den nye, samanslåtte kommunen.

Møtet fann stad på midten, i Austefjord.

– Då arbeidet med kommunereforma tok til i Sogn og Fjordane var det ikkje denne konstellasjonen vi såg ville kome først. Vi undervurderte dei nye ferdselsmønstera, vedgjekk assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid – men la til at han gjorde som i bryllaup: Ønska dei til lykke med dagen og framtida.

Og han la til at Hornindal har gjort eit godt val.

Fylkesmann Lodve Solholm hadde med seg medgift, ein sjekk på ein million kroner i skjønsmiddel.

Og det kjem tre til dei neste åra.

Frå departementet får dei 20 millionar i 2017, og fem millionar i 2020.