I Nordfjord har det vore fleire kontrollar. Ved Måløybrua vart det torsdag gitt to forenkla forelegg for bruk av handhalden mobiltelefon og eitt gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Og ved Raudeberg, også det i Vågsøy kommune, vart fem bilistar kontrollert.

– Ingen reaksjonar, oppsummerer politiet på Twitter.

I Setrevegen i Stryn vart det gitt eitt gebyr for manglande bruk av bilbelte torsdag. Totalt vart 55 bilførarar kontrollert.

Ved Blakset skule i Stryn tok politiet førarkortet frå ein bilførar måndag morgon, etter at han vart målt til 97 km/t i 60-sona.

Stort sett god køyring

Politiet på Sunnmøre melder også at dei har kontrollert bilistar i samband med aksjonen denne veka.

Dei har vore på plass ved fleire barneskular.

– Stort sett god køyring, ein bøtelagt for mobilbruk, opplyser politiet på Sunnmøre.

UP. Politi. Kontroll. Ilustrasjonsfoto. Foto: Solum, Stian Lysberg