Bjørn A. Skjelten i Invi AS etter medhald i KOFA

– KOFA-svar gir oss en ny sjanse

Konklusjonen frå KOFA gir oss ei ny moglegheit, seier Bjørn A. Skjelten i Invi AS i Haram.

Styreleiar Bjørn A. Skjelten i Peso AS er styreleiar for Haram kompetansepark.   Foto: Sofie Svanes Flem

Nyheter

Eigedom- og konsulentselskapet Invi  klagde Haram kommune inn for Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) som har konkludert med at ein eventuell kontraktsinngåing med Samfjordskvartalet AS om nytt tenestehus vil medføre brot på lovverket.

- Kjekt at kontrollsystemet fungerer

- Slik vi ser det, og som vi har påpeika tidlegare, er det gjort feil og urett i denne saka. Svaret frå KOFA var ikkje uventa og det er kjekt å sjå at kontollsystemet fungerar, men likevel synd at dei øvrige klagepunkta ikkje vart vurderte. Dette ville etter vår meining gitt til svar at Invi har blitt behandla feil, seier Skjelten.

Han strekar under at Invi sitt primære mål med KOFA-klagen ikkje var  å få konkurransen avlyst, sjølv om dei  allereie før tilbudsfristen hausten 2015 stillte spørsmål ved det same forholdet som KOFA no har slått ned på.

- Vårt primære mål var å få omgjort tildelinga då vi meinte denne var gjort ut i frå feil premissar.

Kofa ga klage frå INVI AS medhald:

– Avlys konkurransen om kommunehus i Haram

Haram kommune har gjort feil frå starten av når det gjeld konkurransen om kommunehus. Det er konklusjonen frå KOFA.


Vil avvente svar frå kommunen

KOFA sin konklusjon gir oss ei ny moglegheit, men først vil vi avvente kva Haram kommune bestemmer seg for å gjere vidare.

Det er svært ressurskrevande å delta i denne typen konkurransar, og vi må ha tilstrekkeleg tillit til at vi i mulige komande konkurransar får fair behandling før vi bestemmer oss for å gå på ei ny runde, seier Skjelten.

Les fleire nyheiter frå Nordre på smp.no